Nye padawan-elevar?

Om det er Junior-jedi’ar eller nokon frå the sandpeople er uvisst, men søte var dei:

jedi-riddarar? 

Historien bak? Eg og tante Sogndal skulle ta dei med ut på gåtur i dag. Det var fast bestemt. Men regna gjorde det. Vel, når noko er bestemt, so er det bestemt. Ditta måtte nøye planleggast =)

Mating klokka ditt, bleieskift klokka datt, siste skvetten i flaska – so rett opp i «Babybjørnane» og opp i skogen.

Matinga gjekk etter planen, men bleieskiftet tok vel over ein halvtime. Diverse væsker og andre konsistensar kom ut i alle endar, og med hjelp frå panikkslegne hender vart spruten sendt i alle retningar. Bodyar, begge bleieskiftarbeidarane, stelleunderlaget, diverse kle som låg dårleg strategisk plassert, og sjølvsagt golvet fekk dynka seg. Eg VISSTE det var ein grunn til at me skulle ha flis på vaskeromsgolvet =)

«Det er kaldt ute, dei må ha ull», seier tante Sogndal. So ullbodyar og ullstrømpebusker blir tredd på til store protestar. Kvifor er ullstrømpebukser so himla trange? Eg tykte no eg hadde gjort ein god jobb med bror 2, heilt til tante Sogndal tørt kommenterar; «ja, men han sete jo å helde pusten stakkar»…. 

So var det på med utapå-dressar. Ikkje berre berre ditta, heitt var det inne, og alle tre som prøvde å kle på dei stakkars to sveitta godt om øyrene etterkvart. To søte bamsar snille og tolmodige som berre det. Men dei har og ei grense… For når eg og tante-sogndal fekk på oss ytterstasten og ENDELEG var klare til å ut, var situasjonen endra til slik biletet under viser:

slitsomt

Det var hardt å vere jedi-riddar =)

Men so, 1,5 timar etter at me byrja matingi kom me oss ut. (Nesten so dei skulle hatt eit måltid til før me reiste, tenkte eg høgt). Og eg klarde ikkje holde meg, men sa til tante Sogndal: «det ER ein grunn til at me ikkje kjem oss ut på tur kvar dag…»

sporty babies

May the force be with you =)

5 Comments