Magert…

… lite å blogge om. Eller er det berre fantasien som sviktar?

Dagane går litt i eit, eg må verkeleg tenkje meg om for å kunne svare kva dag me har, dato og månad… Men no er det ein positiv lykkerus. ENDELEG. Eg fekk meg ein knakande fin tur på breen forrige veke, og det var nok det som skulle til. Kven kan vere i dårleg humør med blå is på alle kantar? Og det var verkeleg so vidt me smatt gjennom her ja =)me gjekk på ei blå sprekk

I dag har me kosa oss med besøk. Alltid lika triveleg det. Og eg har bakt mi fyrste kake sia august i fjor (om me ser vekk frå ei lita dåpskake laga i ørska). DET var godt det. Å kunne bake att. Eg meinar eg rørde saman noko løge til Magne sin gebursdag i november og, men då spydde eg vel meir enn eg gjekk oppreist, so det tele liksom ikkje =)

kosing på gang

Det var kjekt å sjå på bebisar, men dei var ikkje so lett å leike med endå. Då var det flaks at Ole Brumm og vennene hans bur bak sofaen min =)

Related Post

2 Comments