Hjarteleg til lukke..

… med dåpsdagen gutane mine =)

Englebarna har oppført seg eksemplarisk heile dagen. Bror 2 laga litt liv i Kyrkja ved å skrike seg gjennom sjølve dåpssermonien, men ikkje meir enn me kunne tåle. Heitt var det – so det måtte jammen vere forfriskande med litt vatn på hovudet!

Etter kyrkjegonga kosa me oss storveges med aldeles NYDELEG mat på Nes Gard. Mmmmmmm. So var det bading i fjorden – temperaturen er slett ikkje verst – og kaker og kaffi til slutt.

Eg og Magne har oppsummert litt no i kveldinga, og som Magne poengterte, det er ikkje ofte me har sete i midten i forsamlinga og forsøkt å holde styr på ting og tang. Eg hinta om kva neste anledning kunne vere, men det var Magne flink til å snakke seg vekk i frå med ein gong…

So har eg mange gode kaker ståande i kjellaren. Me klarde ikkje å ete opp alt nei… Og ikkje er det vel holdbart so kjempelenge no i sommarvarmen heller… Det var vel no eg burde invitert alle breførarane på besøk?

gudmødrene og presten =)

3 Comments