Sommar?

Plutseleg vart det varmt. So vart det kjempevarmt…

Det var sommaren som kom for fullt her på Nes. Eg er ein skikkeleg sol-sleikar, men det vart altfor varmt for meg og. Spesielt innandørs. Og ute rakk eg ikkje å vere.

So då vart det emigrasjon til Jostedalen. Svalt og godt i kjellaren på Sperla! So varmt var det at dei som var til stades ikkje orka å jobbe på med noko heile tida, so me fekk sitje alle i lag og skravle og ete og kose oss. Skikkeleg go’følelse var det som kom sigande då ja.

Gutane kledde me av og la på eit teppe i skuggen – og dei gjekk heilt bananas. Moro å sprittle (artigt ord =) litt utan klede på!

No er det dåps-planlegging som står for tur – og SO skal me nyte sommaren litt. Kreftene er ikkje heilt komme tilbake endå, men det er heller ikkje blitt verre, so då går det seg vel gradvis til tenkjer eg.

Skal bli stas når det blir litt lettare å ta med gutta ut av huset og på besøk til folk. Det må no skje ein vakker dag det og. Men det blir nok ein vakker dag so det ikkje er so heitt. Hovudet mitt fungerar ikkje i varmen…

Då eg skulle på Sperla var det Magne som pakka vogn og ongar i bilen, eg skulle finne alt anna og pakke ut. Men eg klarde å reise frå Nes utan stelleveske og utan dei 8 tåteflaskene med innhald… Kva var det eigentleg eg pakka med då tru?

Elles er det ein tannlegetime som stadig kjem nærmare. Å bore eit hol eller to gjere meg ingenting, men eg fryktar at det kan bli to-sifra antall boringar. Kasta opp dagleg halve svangerskapet, samtidig som eg kun klarde å drikke Cola… Er vel ikkje beste kuren mot Karius og Baktus det. Og ein ting er at det sikkert blir eindel smerter – men tenk på DEN rekningen det blir då? Har heilt gløymt å ta med tannlege i budsjettet for sommaren. Men, men.

Var det i Fjols til Fjells den treffande kommentaren «om hundre år er allting glemt» var ? Passar på so mangt =)

2 Comments