So sa det stopp…

… eller rettare sagt: Magne sa stopp!

Eit legebesøk seinare sete eg her med ein 3-vekers sjukmelding i handa, og ein rekvisisjon til fysioterapeut. NO må det no vel snart bli betre?

Doctor’s orders: “Utnytt familie og vener det de klarar, de må berre fortelje dei kor tøft dette er”… hmmm, tenkjer eg då, er det ikkje det me har drive med sidan me kom heimatt frå sjukehuset?

Etter ein strålande flott søndag kom ei grusom natt! Gutta boys tykte ikkje noko om at det skulle sovast. Eg visste jo godt at Magne måtte få seg nokre timar søvn før han skulle på jobb – men dette lot seg ikkje gjere – og enden på visa var at eg sovna med ein klut over kvart auga – og han var oppe mesteparten av natta.

Eg prøvde å legge meg litt før kl 23, men måtte gi opp det. Her er gutane ein gong etter midnatt i natt:

Sove no? Me? Kjem ikkje på tale!!

 

 

 

 

 

 

Dei var ikkje spesielt trøytte akkurat…

Her eg sete og pumpar vil eg so absolutt kutte ut heile pumpinga, men i det eg skal koble av og trappe ned, tenkjer eg alltid at det er for gale å kutte ut morsmjølk heilt, når eg har so himla mykje av ho… Sukk… So då pumpar eg ei stund til på pur samvittigheit. Det er sanneleg ikkje alltid det lønnar seg verken å ha samvittigheit eller å vere so sta som eg er…

8 comments to So sa det stopp…

  • kjellrun

    hm.. hjelp det med sjukemelding når jobben er heime og ikkje kan forlatast ? Eg berre lurer?

  • hjelp og hjelp… eg sa akkurat det same både til meg sjølv og doktaren. Men no får me to val: Magne kan få min permisjon og vere heime med oss desse tre vekene – noko som er til stor hjelp – eller eg kan få tre veker forlenga permisjon totalt.

  • Astrid

    Eg veit at det er ei fattig trøyst, men det blir betre…

  • Berit

    Stå på! Vil berre sei at mine to har klart seg utmerka godt utan so alt for mykje morsmjølk :-) Det hjalp i alla fall på humøret i heimen den dagen flaska kom inn for fullt…..:-)

  • Johanne

    so stor Christoffer er blitt:-)

  • Takk for støtte! Ja, du får berre komme deg heimatt før gutane et oss ut av huset Johanne =)

    Må berre nett få tilføye at humøret mitt vart betrakteleg betre etter ein skogstur med gutane og tante Sogndal… Ho meinte det kanskje hadde vore mon i mindre – men å yte tvillinvogna med innhald opp gjennom skogane her sette verkeleg ting i perspektiv =)

  • kjellrun

    Det forstår seg :-) Du kjem i alle fall til å bli sterk !

  • Julie

    Så store dei e blitt!!! :-)