So sa det stopp…

… eller rettare sagt: Magne sa stopp!

Eit legebesøk seinare sete eg her med ein 3-vekers sjukmelding i handa, og ein rekvisisjon til fysioterapeut. NO må det no vel snart bli betre?

Doctor’s orders: «Utnytt familie og vener det de klarar, de må berre fortelje dei kor tøft dette er»… hmmm, tenkjer eg då, er det ikkje det me har drive med sidan me kom heimatt frå sjukehuset?

Etter ein strålande flott søndag kom ei grusom natt! Gutta boys tykte ikkje noko om at det skulle sovast. Eg visste jo godt at Magne måtte få seg nokre timar søvn før han skulle på jobb – men dette lot seg ikkje gjere – og enden på visa var at eg sovna med ein klut over kvart auga – og han var oppe mesteparten av natta.

Eg prøvde å legge meg litt før kl 23, men måtte gi opp det. Her er gutane ein gong etter midnatt i natt:

Sove no? Me? Kjem ikkje på tale!!

 

 

 

 

 

 

Dei var ikkje spesielt trøytte akkurat…

Her eg sete og pumpar vil eg so absolutt kutte ut heile pumpinga, men i det eg skal koble av og trappe ned, tenkjer eg alltid at det er for gale å kutte ut morsmjølk heilt, når eg har so himla mykje av ho… Sukk… So då pumpar eg ei stund til på pur samvittigheit. Det er sanneleg ikkje alltid det lønnar seg verken å ha samvittigheit eller å vere so sta som eg er…

8 Comments