kosetid?

..»året hjemme med barna når de er små, er den flotteste tiden i livet»…

Tydelegvis skrive av nokon som ikkje har fått ongar? Kosetid? Jodå, jammen sa eg smør… Men forstår etterkvart det alle seier – at det er større å bli bestemor enn mor! Då får dei all kosen og overskotet – og slepp hormonkrigen og søvnmangelen. (Vel, no har no eine bestemora vaka nokre netter vel å merke – du verden so det gjorde godt for ei utslitt mamma…)

Men no sete eg altso å pumpar mjølk klokka 4 om natta, bror 2 søv merkeleg nok, bror 1 er i ferd med å skrike seg inn på Richters skala. Han lyt nok berre vente til mjølka er ute.. Eg har prøvd å gå til og frå medan eg pumpar – men då tok det dobbelt so lang tid og alt vart ømt og sårt… so her sete eg!!

I går var det bror 2 som vant skrikeduellen, eg kom på ein god andre plass medan bror 1 skreik minst… I natt er det snudd om…. Bror 1 vinn klart, eg innehar fortsatt 2.plassen, medan bror 2 har vore som ein draum! Misforstå meg rett, det har gått fint dette. Men klarar ikkje la vere tenkje: kven får den værste dagen derpå? Dei som har herja «under the table» i natt, eller ein av oss 3 her i huset?

Heldigvis har gutane byrja smile so smått – og treng ein eit raskt påfyll av pågangsmot og energi, so er eit babysmil rette tingen. Du verden so fort ein kan snu meining om det meste når ein ser ned på eit smilande babyfjes som representerar det mest uskyldige i heile verda… Då lyte eg jo berre tenkje: JAMMEN ER DET VERDT DET

9 Comments