rock bottom…

… eller kva det no heiter! Men då kan det berre gå ein mogleg veg – oppover!

Eg gleda meg slek til Lustramarknaden i år. Til at heile familien på 4 skulle reise samla inn i Gåpn og berre trille rundt og kose oss. Veret var flott og humøret på topp!

Men det tok ikkje lenge før humøret forsvant og det vart eit påklistra smil i staden. Alle som ville sjå og helse på strøymde til. Superkjekt det. I ei perfekt verden. Dei fleste hadde fulgt med på bloggen. Gutane var A-kjendisar før dei fyllte 7 veker…

Men min verden var nok langt frå perfekt. Min verden var i ferd med å rase saman. Og det fort…

So før Magne fekk sukk for seg, sette eg kursen for bilen att, medan tårene trilla bak mørke solbriller.

Innatte på Nes – so knakk alt saman. Eg fekk ikkje lov å køyre bil før eg klarde å puste normalt att. Men so bar det sporenstreks til Jostedalen. Innlosjering på Sperla for meg og juniorane. Eg trur eg sovna før eg fekk lagt meg i ei seng i kjellaren… DÅ var eg gla eg ikkje budde langt vekke frå nærmaste familie…

I ettertid skjønnar eg jo at det vart litt mykje forrige veke. Eksamen, Førdetur og i tillegg starta Magne at på jobb i 80%….

Eg har då no lært følgande:
– eg er null verdt utan nok/samanhengande søvn
– å passe tvillingar dag og natt gir lite søvn og 0 fritid
– utan eit minimum av fritid blir eg gal
– utan dagleg frisk luft og trimtur i skog og mark fungerar ikkje hovudet mitt
– det er vanskeleg å pumpe seg kvar fjerde time når gutane skrike som besatt

Konklusjon?

Jo, det går litt betre no – men er endå eit stykke att før eg kan seie at det GÅR bra og EG har det bra – og faktisk meine det eg seier…

Det er fortsatt slek eit fleirtal av dagane at eg må prioritere: eg må velje mellom å dusje, å ete skikkeleg mat, få frisk luft eller sove. Men når nøden er størst er hjelpa nærmast, eller kva det no heiter. Og ein vakker dag er nok allting gløymt =)

So beklagar folkens – det kjem nok eindel klageinnlegg til utover sommaren =(

3 Comments