eksamen vs shopping ?

Lett spørsmål. Eg føretrekke eksamen i 11 av 10 tilfeller…

I går var det siste eksamen. For denne gong. Godt å vere ferdig. Humøret har dala dag for dag jo nærmare eksamen me kom. Alle i huset her var ikkje heilt enige med meg i prioriteringane siste kveldane. Tapetisering og fotball kom tydelegvis før lesing, og dei to juniorane skulle ha eit ord med i laget og. Men dagen er no øve, og humøret er langt betre i kveld =) Forholdsmessig…

I dag har me vore ein tur til Førde. Bror 2 skulle ha hofte-kontroll (sia han vart fødd i sete). Og ein bytur er ikkje berre berre med to sleke småtroll i bagasjen.. Mesteparten av turen vart tilbringa på stellerommet til helse Førde. Ikkje ein spesielt vakker plass, men praktisk. Amminga er historie. No blir det berre ein kosepupp eller 2 i løpet av døgnet, resten er pumping og flasker. SOOOOOO mykje lettare enn den fille amminga. Men litt meira styr når ein skal ut å reise sjølvsagt. Ikkje i snøggheiti å varme flasker til og mate to stk, byte bleier og pumpe seg.

Handlinga SKULLE gjennomførast. I tre steg. Koste kva det koste ville. Men han/ho som har komme med utsagnet at «shopping er terapi» kan gå heim å vogge. Han/ho har truleg ikkje vore på handletur med tvillingar… Men litt kreditt gir eg meg sjølv – jammen klarde eg å bruke mykje peng sjølv kor kjapt eg måtte springe mellom butikkane…  

På heimtur halvslumra alle 3 gutane, og eg humra fint der eg sat, og høyrde på ein som snorka, ein som skreik og ein som dreit i broki. I vilkårleg rekkefølgje…

Siste dagane har gutane oppdaga at viss dei sler til ting som heng over dei, so bevegar det seg.. Og fargesprakande dingsar som svevar er UTRULEG spennande. Moro med litt respons – og moroare blir det vel dag for dag framover. Men jammen må det til og det. Kveldar som i kveld er ikkje fullt so artige. Far i huset gjekk og la seg ca kl 19.30 – då var begge gutane åbytte og mata. No er klokka 22, og einaste eg har gjort utanom å mate, bere, råpe, byte bleie er å skrive dei linjene over her. No skrike begge to, so kjem visst ikkje lenger… to be continued….

Related Post

2 Comments