Heisatur…

Heisann og hoppsan som det gjekk…

Far i huset fekk ei heller søvnlaus natt i går, so eg hadde trilla ein lang tur før klokka slo 10 om morgonen. Slek effektivitet skulle me hatt meir av her i huset.

Turen gjekk til Årdal for å hente vogge. Eg og gutane skulle i vegen, og dei tok med seg ei bestemor og ei oldemor i bilen for å vere på den sikre sida. Oldemora fekk slek skyss heimatt i same slengen.

Eg måtte innom legen ein tur fyrst – var det fjerde eller femte besøket på helsesenteret denne siste veka? Gutane har fått sopp på tungene sine – er vel relativt vanleg har eg forstått og ikkje spesielt smertefullt. Men likevel ikkje noko stas. Fekk medisin til dei i helga. Men eg fekk ikkje noko, og det var i går meir enn tydeleg at eg hadde fått noko og. Lyserosa, og følelsen av piggtråd var ikkje til å ta feil av. Eg fekk meg resept, og so bar det i veg.

Eg hoppa av «i fart» i Gravensteinsgata og inn på apoteket med ei bønn om at køen ikkje var for lang. Eg slapp til etter knappe 10 minuttar venting, men håpet dala etterkvart som minuttane tikka – eg vart ståande i kassen i 35 minuttar. For ei pakke med salve. Er det ny rekord i tregheit? Var noko om at det merket eg skulle ha fanst ikkje ikkje i deira database, dei måtte ringe legen og høyre kva anna eg kunne bruke, so viste det seg at dei ikkje hadde det som dei då ville gi meg osv. For eit styr…

Medan eg stod og talde sekundane, måtte bestemora og oldemora holde bilen i bevegelse (eit bokmålsord, men rørsle høyrest ikkje ut som meg). Dei køyrde derfor rundt og rundt i Fjøra. Tenk hadde dei vorte stoppa for «råning». Er det ikkje noko med at ein skal maks passere 2-3 ganger innanfor gitt tid? Ser overskrifta i Sogn Avis føre meg: «Bestemor og Oldemor stoppa for råning – med 5 veker gamle tvillingar i baksetet»….

Men ferdige vart me – og då barst det i vegen til ferja. Her måtte bilen stå i ro – og då vart det rabalder. Men konklusjonen vart at ein rekke fint å amme tvillingar på strekninga Mannhiller – Fodnes, so framt det ikkje er kriserute. (Det var det sist me tok ferja, og då vart tida i kortaste laget sjølv for flaskemating…)

Årdal dukka opp, speedhandling av myggnett for soveromsglas, inn til oldemora for mating, bleieskift og ein kort middagspause. Inni bilen med vogga, og so barst det heimatt. Eg venta nemleg besøk på Nes om kvelden – ja, eg ser at eg det er mogleg at opplegget mitt var litt i strammaste laget…

Ferjeturen gjekk strålande, bestemora vogga og vogga bilseta i takt med ferjegynginga. Men den vesle ferja gynga mykje meir enn den store, det burde me jo sjølvsagt ha tenkt på!!

Avkøyringa av ferja skjedde ikkje utan dramatikk, men det trur eg at eg lete vere å greie ut om her. Politiet er satt på saken.

Trass riper i lakken kom likevel største sukket på Hafslo. Me køyrde ned indrebygdi og kom bak ein traktor. Traktoren byrja blinke mot høgre, og sakke farten. Eg sakka farten og, og venta på at han skulle svinge av vegen. Traktoren stoppa derimot opp, og byrja rygge mot meg. Det var møtande bilar, so eg kunne ikkje skifte fil, og eg hadde to bilar bak meg, so ikkje kunne eg rygge. Traktoren stoppa like før pallegaffelen tok grillen, og sjåføren såg truleg lika oppgitt på meg som eg såg på han. Slek stod me til dei møtande bilane var passert, og so fekk eg ratta kombien forbi. Utan servo er den bilen tung å svinge i still-stand, men du for ein sving bilen har viss ein er sterk nok. Rundt sin eigen akse på eit øyeblikk…

Traktoren skulle altso rygge av vegen – er det berre meg som tykkjer at det er snodigt (i 80-sona) når det kjem mange bilar bak?

Vel, det var vel høgdepunkta frå gårdagen. Då me passerte rasteplassen ved Gåpnabrui, kommenterte eg ein utgammal bubil som stod parkert der… «Ja, du må jammen passe deg, det er so mange løgne folk etter vegen», kom det då frå baksetet… Og det oppsummerar vel turen på ein heilt greit måte…

RelatedPost

2 Comments