One down…

…one to go! Og jammen kom eg gjennom dagen med helsa i behold. Eg frykta det værste då eg i halvsvime køyrde mot Sogndal i dag tidleg. Seint ute, og ikkje peiling på kvar eg skulle møte opp…

Eg snakkar sjølvsagt  om eksamen. «Ikkje ein vår utan…» som alle studentar so fint seier. I dag var det munnleg eksamen i matematikk didaktikk i Sogndal. Eigentleg ikkje noko uoverkommeleg i det heile teke. Men eksamenslesinga denne gangen vart 4-5 timar i går – og det var alt eg rakk!!

Eg følte derfor for å spørje rett ut når eg var ferdig i dag: «Er det lov å spørje om eg stryke?»… «-Det er det lov å spørje om», fekk eg til svar. «Og du stryke ikkje!». Eg kunne hoppa over bordet og gitt dei ein klem av glede. Men eg gjorde ikkje det… heldigvis. Eg reiste meg andektig opp – og lova på tru og ære at eg skulle gjere det MYKJE betre på skriftleg eksamen som er om to veker… (No har eg sagt det. Me får no sjå, tenkjer eg… og det tenkjer vel sikkert alle andre og…)

Gutane veks og veks. Dei veks nok ca 5 mm pr skrik – so innan dei er 3 mnd vil dei truleg passere ein meter i lengd! Slek følest det i alle fall. Matingi har ikkje gått seg heilt til. Byrjar å lure på om det vil bli noko lettare med den amminga. Eg skal gi det 2-3 veker til – so får me sjå.

Eg pumpar med alt eg har – men eg ser ikkje dei heilt store framskritta. Skulle det plutseleg bli betre, so er det i alle fall ikkje tvil – då kuttar eg amminga tvert, so får dei få flaske. Eg møtte ei anna tvillingmor i dag, og eg spurde ho håpefullt om når eg kunne forventa at ting ville bli betre. Når bebisane blir 6 veker? 8 veker?
«-kanskje når dei blir 2 år..», var det oppløftande svaret eg fekk… Jadda… So berre 1 år og 11 mnd til då =)

Nattarbeide byrjar å bli rutine etterkvart… Sjølv om det er ein og anna glippen. Her om natti vart bror 1 bytta bleie på, lagt tilbake i senga etter mating… so skulle bror 2 bytast på – men der var det nesten ikkje komme noko i bleie… Opps – det var visst bror 1 igjen – bytta 2 gonger på samme gut og ingen gonger på stakkars andremann…. slike ting kan skje den beste trøstar me oss med…

Nye ord og uttrykk er og komme til sin rett… Bror 2 hadde litt blå føtter meinte eg her ein kveld… «-Det er vel tegn på dårleg luftsirkulasjon», repliserte far…. Eg reknar med at han meinte dårleg blodsirkulasjon? Men det viste seg at føtene ikkje var blå alikevel – dårleg lys kanskje?

Supertanta i Sogndal går heile tida og snakkar om «morserstatning»… Me tolkar det til at ho meiner «morsMJØLKerstatning», men er ikkje heilt sikre. I kveld er ho på besøk, med ei veninne – dvs me har to morserstatningar i huset… Då burde vel eg strengt tatt sove i staden for å blogga, men det handlar om prioriteringar =)

Byrjar so smått å irritere meg over vegarbeidet inni Øksnaviki. Lang ventetid samme kva lite ærend ein skal. Fram til no har vegarbeidet vore eit par spreng-salver dei fyrste dagane. Etter det har det dag ut og dag inn hengt ein mann oppi fjellveggen bevæpna med eit einsleg spett, medan vegen har vore stengt i  inntil ein time i gongen. Effektivt? I dag var det ei endring: Mannen stod i ein lift i staden for å henge i eit tau – men med det same spettet… Og vegen var akkurat lika stengd… Meir effektivt? Tvilsamt.. Tenkjer dei ikkje i det heile teke på ei travel tvillingmor som ALLTID har skikkeleg «spreng» når køen veks og tida går… Sukk =)

Hmmm…merkar at det har vore eindel negative innlegg her siste tida… mystisk… Men eg kan trøste våre trufaste lesarar med at det VIL truleg bli meir positivt etterkvart… berre gi det ein 2-års tid =)

vegsikring i Øksnaviki

4 Comments