Mot helg?

Kanskje? Eller er det måndag? Dagane går heilt i surr…

Timane og for so vidt. Det er mørkt nokre timar midt på natta – og sola kjem på huset vårt klokka 05.05 om morgonen. Det er alle haldepunkt me har.

No medan det har vore stengt inni bergi her, slik at trafikken kjem i kolonner, har me ikkje eingong ettermiddagsrushet å stille klokka etter. Korleis skal ei stakkars tvillingmor vite kva tid på døgnet me har då?

 Går betre med puppane – betennelse avverga. Takka vere gode naboar og reddande englar. Måndagskvelden fekk me sengjamat (rømmegraut og plommesuppe), flotte klede – og duele massasje av vond pupp. Eg følte meg rett so fotogen der eg sat med ei dame på kvar side, gnuande på både det eine og det andre. Ein kan ikkje vere mykje redd for å vise fram kroppen sin her i huset =) Men du og du, det gjorde underverk, og då er alt anna irrelevant.

I går var ein ny bølgjedal. Utruleg koseleg besøk på føremiddagen (med rømmegraut og plommesuppe). Men so kom ettermiddagen. Frå klokka 17 til 00.30 gjekk det i eit. Verken bror 1 eller bror 2 såg det nødvendig å sove denne kvelden. Me mata og mata og mata og mata dei. Botnlause steinrøyser tek ikkje so mykje mjølk!

Taktikken dinna veka har vore å amma gutane so ofta som dei opnar kjeften (og det er stort sett kvar halvtime) – og so gir me NAN på flaske etterpå til dei er mette. Eg har pumpa litt og når det har sprengt som værst, men har holdt meg til so lite pumping som mogleg.

Tenk dykk då scenarioet då klokka nærma seg elleve i gårkveld, ungane hadde holdt det gåande i nærmare 6 timar samanhengande – og eg oppdaga at me var tomme for NAN. Om eg ikkje har hatt panikk før so fekk eg det i alle fall då. Og å byrje å nødpumpe på kvelden – medan panikken herja – det gjekk ikkje slek heilt suverent akkurat. Igjen var det då dei gode naboane som trødde til. Nokre tekstmeldingar – og vår nabo tok ein biltur rundt midnatt og henta NAN til oss frå nokon i Gaupne. Slikt er det ikkje mogleg å få takka nok for… Natta var redda =)

Og i dag har vore ein superdag. Eg har BÅDE fått gått meg ein (høgst nødvendig) tur i skogen heilt åleina, dusja, vore på NAV med ein kilo papirarbeid, ete opptil fleire måltid OG sove middag. Kva meir kan ein forlange ut av ein heil dag? Vanlegvis rekke eg ein av 4 slike prosjekt, og då lyte eg berre prioritere.

So livet kan jammen vere flott og =) Bror 1 har fått det føre seg at han skal prate MEDAN han et, blir mange latterkuler ut av eit slikt opplegg. Bror 2 tykkjer det er stas å bli holdt opp ned under vasken medan me skrubbar vekk drit, so han gjere i broki opptil 3 gonger på rappen. Ikkje løge det går eindel bleier her i huset. Me vurderar å bestille oss ein våtorganisk-dunk til, men søs hadde eit betre råd: «tøm bleiene i dunken til ungkarsnaboen. Ungkarar pleier omlag ikkje å sortere bos, og viss dei lagar seg mat so ete dei opp alt saman. Det blir lite våtorganisk avfall av slikt». Som sagt som gjort – avtale med nabo er inngått. Munnleg enn so lenge. Får sjå korleis det går når stinkande bleier blir ståande eit par veker i solveggen og godgjere seg – om pipen får ein anna låt.

Uff, eg skrive meg visst øve stokk og stein i kveld. Tenk at eg fekk sitje SO lenge i fred =)
Gjennstår vel berre for meg då å få ynskje dykk alle ei strålande helg – måtte sola skine heile helga like flott som i kveld!

3 Comments