Veke 51 – Støype fundament

I dag har Kai, Hans, pappa og Erling vore med oss i nokre timar. Me fekk støypt ferdig alle 7 søylefundamenta. Kjenner at skuldrane sig ned no når me er ferdige med støypinga, og juleroa senkar seg over Nes.

Her kom karane med utstyr

OVER: Karane kom med utstyr. So var det vatring og meling for å få det beint.

UNDER: Kai fekk jobb ved blandemaskina. Erling og Magne trilla ned bakken.

Kai i farten...   bratt og sleipt...

  

OVER: Meg plasserte dei i forskalings-bransjen. Pappa hadde med skikkeleg utstyr, so me skulle få rett høgde på fundamenta.

UNDER: Resultatet. 7 søylefundament.

Då gjenstår det to ting: å takke Hans, Kai, pappa og Erling for ein kjempe-innsats i dag. TUSEN TAKK for all hjelp! Og tusen takk til alle og som har stillt opp i året som har gått.

Og sist men ikkje minst: «…to all of you from all of us:» :  GOD JUL