Veke 51 – TAK til JUL

No er det juleferie for dei fleste – og taket vårt er klart! Dei har fått på sutak over heile huset, og lekter oppå der atte. So me får håpe det tåler nyttårs-stormane no! I dag var det kranselag med gryterett og gulrotkake. Det fortjente snikkarane våre verkeleg! Me fekk sitje i kvilebui deira, so det var ei kjempekoseleg juleavsluttning.

 

Huset har fått inngangsdør, so no er det klart for opptørking… Eit siste bilde av huset i skumringa før jul:

ettermiddag på Nes

Eg og pappa tok oss nokre timar å laga til forskaling på dei fundamenta som allerede er støypte – slek at me får påstøyp i rett høgd – so er me ferdige med dei. I måro blir det mest sannsyneleg støyping av dei siste 3 fundamenta + å gjere ferdig dei 4 som er støypte.  Her er pappa i sving med vatring:

pappa i aksjon