Home sweet home

Åhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhh det var godt å komme heim =)

Heim til vår på Nes. Med flagget som blafra i vind. Og to bestemødre på trappa med breie smil som velkomstkomite.

21 dagar vekke var lenge nok =)

mykje bråk? finger i øyra =)

Eit bilete frå avreise dagen i Førde. Ein smiler og ler av foreldre som stressar og bråkar – medan andremann held for øyrene av alt bråket!!

Det merkast at livet er snudd opp ned. I dag er gutane 10 dagar gamle. Det vil sei det er 11 dagar sidan me har sett på fjernsyn, lese aviser, ete eit måltid saman, sove meir enn 2 timar samanhengande, tenkt på noko anna enn bebisar… Og det er i dag 4 dagar sidane eg prøvde å oppdatere bloggen, men det kjem alltid noko i vegen! Sjølv om me har vore begge to «på jobb» .

Alle 4 besteforeldrene var samla her i gårkveld. Bestemødrene hadde laga rømmegraut og plommesuppe, lapskaus, bestillt marsipankake og det var ikkje måte på. Eg og Magne såg vel, og oppførte oss, meir eller mindre som to vrak. Me virra rundt her utan mål og meining…

kake-ved-heimkomst

Ein av gutane har fått augedråpar mot puss i augene, og eg tenkte at det kunne no eg fikse i samband med eit bleieskift – sidan Magne har teke seg av dette fram til no. Eg gjekk laus med friskt mot – og var rett so fornøgd då eg hadde fått mesteparten INN på auga, ikkje berre rundt. Heilt til me oppdaga at eg hadde teke feil onge!! Stakkars gutar – for ei håplaus mor dei har fått =)

I dag har eg gått min fyrste trilletur. Ned bakken og bort til busslommen mot Gaupne. Ei totallengd tur-retur på ca 1500 meter? Det var langt nok. Erfaringar frå turen: bakken opp til huset vårt er bratt når ein yter på ei tvillingvogn! Men super duper godt med frisk luft igjen.

Opphaldet på Lærdal har me berre positive ting å seie om. Me prøvde å ha ongane mest mogleg på rommet vårt og takle natteranglinga – men kjenner at dette må me få betre rutinar på etterkvart. Utan søvn kjem me ikkje langt her i livet…

Det er mange historiar eg kunne delt med omverda, men eg trur ikkje eg har mange minuttane att før bror 1 eller bror 2 – eller eventuelt begge – vaknar oppatt for ei ny økt. Skal prøve å snike meg til 5 minuttar att om ikkje alt for lenge =)

NB! For å vise at ammetåka har festa grepet: Eg ba akkurat Magne om å lese gjennom innlegget på bloggen – han set då eit minutt utan å svare, reiser seg so opp, og går og ser etter gutane… Automatikken er herved innøvd =)

2 Comments