Bye bye Førde…

… no set me kursen mot Lærdal =)

18 dagar her i byen er nok – no vil eg nærmar heimtraktene. Fysisk er det vel ikkje noko i vegen for at me kunne reist heilt heim i dag, men eg føler me treng litt meir tid til å få inn rutinar før me skal klare alt på eiga hand!

Begge gutane har enorm appetitt – to skikkelege slukhalsar er det. Men dei har ikkje heilt fått med seg poenget med amminga endå. Dei tykkjer det er heilt greit å nappe og slite litt, for so å få mjølk på flaske etterpå. Gode og mette ligge dei då i fanget og lurer på kvifor mor ikkje er heilt nøgd! Til orientering smågutane mine: eg sete ikkje og viftar med puppane i det fri for MIN del =)

Men so lenge mjølka er der, so får eg håpe resten går seg til etterkvart. Det var neimen ikkje lett med denne amminga!! Mang ein vits har eg vore med på å slege på fleirfoldige påskerevyar innanfor dette temaet – lite visste eg kor sant det faktisk var…

Den stolte far returnerte til Førde i går kveld akkurat for seint til å ta bæsjebleiene, men tidsnok til å få gitt flaske og kose med gutane til dei sovna. For ei timing =)

Ikkje veit eg om det er råd å komme på nett i Lærdal, men det vil no tida vise. Heimlengselen er ikkje kommen heilt endå ettersom det er so himla mykje arbeid, men er nok ikkje mange dagane før den kjem snikande – og vips, då går turen heim til Nes og noko som eg ser føre meg vil bli ein hektisk innkøyringsfase. Men du og du, jammen gledar eg meg og =)

kven kosar seg mest - far eller son?

2 Comments