Bølgedalar

Dagane dei går visst berre fortare og fortare…

Og følelsar (får meg ikkje til å skrive kjensler) kjem og følelsar går – og alt er berre ein stor graut.

Tykkjer dagane går i eitt. Har vore mykje sengeliv – fram til å går – då følte eg at det letta ein stein frå ein eller anna plass i kroppen, og ting byrja å fungere att. Merkelege greier.

I dag er formen endå betre. Gutane har sjølvsagt gått ned litt i vekt, men er no på god veg oppatt. Mjølka mi sprutar vegg i mellom her – og dei ete so best dei kan. Dei har matvetet til mori, so trur ikkje det er noko stor fare for dei.

I går reiste Magne heimatt på Nes ein tur. Det trur eg var nødvendig og godt for alle partar. Men de kan tru panikken kom kjapt då eg sat her åleine for fyrste gong, og begge gutane sette i å vræle. Okay, ein opp på armen, finne ein stilling so eg helde støtt med ei hand, dra senga med nr 2 i fram og tilbake. Hjalp ikkje. Bytar om, løftar opp nr. 2 – fortsatt ikkje reaksjon. Kva var det Magne gjorde? Legge begge to på magen, tett saman i senga mi, stryke dei på ryggen. Nei, det var ikkje hjelp i. Synge? Skrikinga aukar i intensitet…. Bort til raude snora og kalle på hjelp… NEDERLAG.

Gjekk nokre minuttar før hjelpa dukka opp, og då var skrikinga redusert til godlydar… Følte meg passeleg smart. Hjelpa reiste att, og eg la til rette for amming av nr. 1 – kravla opp i senga og nesten fått «kobla» han på – då er det fulle sirenar att frå nr. 2. Der og då såg eg ikkje særleg lyst på livet!!!

Men frå botn til toppen kan det vere kort, og ting gjekk seg merkeleg godt til utover dagen. Vakna i dag med eit stort smil rundt munnen min – og følte meg som kongen på haugen. Kunne ikkje fatta at følelsane eg hadde beskrive i dagboka mi berre var eit knapt døgn tilbake i tid. Må vere skrivfeil…

Fekk fleire koselege besøk i går. Stolt som ein hane fekk eg vise fram vidundera. Gutane oppførte seg eksemplarisk, og laga akkurat nok lyd til at besøka måtte ta dei opp og trøste dei litt. Perfekt oppdragelse frå dag 1  =)

Gårdagens DEFINITIVE høgdepunkt? To skravletimar med Karin og verdens BESTE gåve EVER:

 Supergåve frå Karin!!!

TUSEN TAKK – det redda dagen min… Må berre finne ein sikker gøymestad so ikkje Magne «tilfeldigvis» kjem til å rote dei vekk/kaste dei/brenne dei. Desse skal brukast på resterande kampar utover våren! Kanskje det umulige kan skje, og det blir seier i ligaen likevel???

2 Comments