Veke 50 – status etter 3. veker med bygging

Eg og pappa var å inspiserte huset i dag… for å sjekke om snikkarane hadde blæse vekk… Men det kunne dei umuleg ha gjort, so langt som dei er komne! Dei er nesten ferdige med takstolane! Ei veke att til jul… eit kappløp mot klokka. Folkens, viss de er i tvil: me ynskjer oss tett tak til jul

OVER: pappa snakkar med to blaute snikkarar.

UNDER: Huset pr. 15.desember. Nesten ferdige med takstolane.

huset 15.desember

Me har eigentleg vore meinte på å støype fundament til dei resterande søylefundamenta i måro. Harald grov ut plass til dette i går. Men etter å ha diskutert dette med snikkarane i dag, so avventar med til romjula. Dei har ikkje fått tid til å legge ut dragarane so me skal støype etter, og i og med at me skal bruke ein anna type søylesko enn fyrst antatt, so kan me støype det resterande i ein operasjon. So då gjere me det!

One Comment