Dagen derpå derpå 7

Ei oppdatering.

Jammen har siste døgna gått fort! Eg har vore heilt utkobla frå resten av verda. Magne fekk lagt ut bilete på bloggen, men det var komme 3o kommentara før eg fekk anledning til å inn å sjå. SMS’ar har strøyma på, skal tru når eg rekke å svare på alle dei…

Eg kan no starte her: TUSEN TUSEN TAKK FOR ALLE HELSINGAR –  det kom ei tåre eller tre etter å ha lese på blogg, facebook og telefon. So fantastisk gode de er alle saman!!!!

Tvillingane er ‘beyond all dreams’, velskapte og fine.  Me er i god gang med å bruke opp av kvoten  med nødvendig søvn, berre fordi me sete og stirrar på dei.

Bror 1

Bror 1

Bror 2

Bror 2

Me jobbar no  med ammingi, so teke dagane som dei kjem.

Eg har slite med blodtrykksfall både før og etter fødselen, og sjølvsagt har eg vel mista eindel blod, i tillegg  var blodprosenten veldig låg. So det har vorte nokre black-out’ar. Eg ser stjerner…. Har derfor tilbringa 97% av dei  to siste døgna i senga, og kjenner at hovudet byrjar å bli utolmodigt – vil gjerne opp å sitje skikkeleg snart, gå over golvet utan støtte, klare å løfte opp ongane sjølv, få studere dei nydeleg blomstrane me har fått osv – men veit jo vel at ting tek tid. Eg har ny respekt for alle som har fødd ongar – skikkelege tøffingar er de alle saman!! Min fødsel var nok av den lettare sorten tross alt… Tolmodigheit har jo aldri vore mi sterke sida, men no går det no berre framover =)

Sjølve fødselen er det vel ikkje alle som er so interessert i – men mange spør – so eg legg ut ein kortversjon for dei som er spesielt interesserte.
Fødselen kan de lese om ved å klikke HER

I går kom stolte bestemødre på besøk. Dei var heilt tullete begge to. Det vart nokre timar med knipsing, tårer og latter.

to stolte bestemødre

Gutane oppførde seg etter alle kunstens reglar. Ganske snille, men nokre skrik slik at bestemødrene måtte trøste litt. Litt utpå kvelden kom det ein nybakt bestefar på besøk og:

stolt bestefar =)

 

Magne har måtta jobba dag og natt med godgutane våre. Fyrste natta sov me vel omlag ikkje. Men kven kunne klard det? Adrenalin i blodet so det holdt! Han har i alle fall lært seg alle kunstens reglar på rekordtid. Svevar dei, byter bleie, badar dei, pratar og kosar. Eg ligg i senga og prøvar å holde tårene tilbake – ein so fantastisk far tvillingane har fått!! Gledar meg so utruleg til å kunne bidra meir.

No skal det snart ammast, so då får eg prøve å kvile litt fyrst. Og etterpå skal me berre kose oss alle 4 =)

7 thoughts on “Dagen derpå derpå

  1. Marianne Apr 30, 2009 18:04

    Åh, får tårer i augene her eg sitter! Vi gledar oss til å komme på besøk. Skal helse masse fra både Jim og ungane. Klem fra Marianne :)

  2. Hege Apr 30, 2009 22:42

    Så fint skrevet, bra at alt gikk så fint. Stiller meg bakerst i køen til å hilse på dere:-)

  3. Astrid May 1, 2009 17:06

    Eg e heilt imponert , Anki! Både fødselen, og evna til å beskrive det etterpå.

  4. Elin May 1, 2009 21:42

    Heilt fantastisk gjennomført og skrive. Nett so eg skulle ha vore der sjølv. Sjølv om eg har hatt to fødslar sjølv, kom dei no ikkje samtidig. Og den siste sov eg meg igjennom.. E heilt imponert! So fine guta, nesten so da rykke litt innvendigt….:)

  5. Aud May 2, 2009 22:26

    Du får oss til å le og gråte på ein gong. Stor klem til alle fire.

    Torgeir, John og Aud (og eg blir so kry når eg blir gratulert som grandtante…)

  6. Rita og Roald May 2, 2009 23:27

    Andreas (barnebarnet vårt på 2 år) og eg (Roald) rusla opp forbi heimen dykkar i dag. Der dreiv ein annan bestefar og arbeidde med trapp og trinnlaus inngang. Han var uendeleg snill i augene og stemma.. så Andreas hugsar framleis namnet på denne bestefaren – han heitte Jarle og hadde sukklade..
    Me gledar oss med dykk, tenk dei mest fantastiske gutebarna i Universet er fødde – og dei bur over vegen for oss..! – og Anki og Magne.. – besteforeldre er til for å brukast slik at pappa og mamma kan få henta krefter. Velkommen heim når du er klar for det! Våren er vakker på Nes. Helsing frå Roald og Rita.

  7. anki May 3, 2009 13:11

    Åhhh so nydeleg skrive Rita og Roald. No trillar tårene… Me gledar oss skikkeleg til å komme heim og nyte våren på Nes =)

Comments are closed.