Luktfri møk?

Den må dei lenger ut på landet med =)

No er eg ikkje ekspert på gylle-lukt, men luktfritt var det i alle fall ikkje det dei herja med her ute i går (Les på NRK Sfj)

Men får sjå på det som ein grei variasjon til innestengt og tørr sjukehusluft…

Litt meir samarbeidsvillige bebisar i natt – so eg fekk sove greit – men hjelpe meg kor fantasien springe løpsk… Og i natt gjekk det heilt over stokk og stein.

Har jo mine vanlege doturar ca annankvar time – og då skulle ein tru at etter å vore vaken i 3 minuttar kunne eg ta til på ein ny draum då eg sovna inn att – men neidå. Spann oppatt og oppatt på same sjuke tinga:

Setting var gamlebui i Fossøyane. I ein slags film me skulle gjennoppleve var det ein diger blekksprut på kjølerommet (a la Kraken i Pirates) – og han skulle nesten klare å ta ein eller anna person, men so stanga hovudpersonen til blekkspruten på slutten med ein sykkelhjelm i det alle smaug seg mellom butikkhyllene – og då blekkspruten var jaga, fekk ein lov til å henge opp plakatar på utsida på bui… Eg var då den personen som skulle stange med sykkelhjelm – og dette gjorde eg oppatt og oppatt og oppatt i heile natt… Eg trur sjukehuset er i ferd med å gjere meg gal

Jordmødrene er byrja å vise litt meir interesse for meg siste dagane – men ikkje veit eg kvifor… Er jo om å gjere å ikkje gi informasjon om KVIFOR dei gjere noko som helst, so eg får no ligge her med føtene i alle retningar og følgjer ordrane eg får! Dei sjekkar hjertefrekvensen til bebisane oftare – og er byrja å sjekke livmorhalsen min og diverse gøsj med jamne mellomrom. Ikkje spesielt koseleg sjølvsagt, men skal la vere å utbrodere dette nærmare, av respekt for folk flest… Kryssar fingrane for at det blir aprilbebisar og ikkje maibebisar…. trur eg…

Fekk akkurat melding om at eg kanskje får besøk i dag og – super dupert – so siste dagane har gått i fulle fart… Nesten so dei flyge litt vel fort no…  ?

 

OPPDATERING kl. 17.30

Då har eg fått vore på vift att. Svigermor og niese på besøk gjorde susen =)
Me storkosa oss med pizza og litt shopping, etterfulgt av råning, smågodt og is.

to som kosar seg med pizza? 

SMÅGODT.... mmmmm

Kva er det uttrykket? «Er nesten som to barn i ein godtebutikk» – kunne vel ikkje vore meir treffande =)

3 Comments