Dag 8

One week down – one to go ? ? ?  Dame nr 2 vart trilla på fødestova i natt, dame nr 3 kom inn på rommet «mitt» MIDT i frukostkvilen min, men vil likevel seie ho er av dei koselegaste so langt!

Lika irriterande flott vêr her i dag, då er det vel kanskje det heime i Sogn og.

Planar for dagen: ta ein dusj, rekne matte.

Har fått annonsert to potensielle besøk i dag – blir spennande å sjå om nokon av dei dukkar opp. Hadde gjort seg med ein liten tur ut av sjukehuset i dag og kjenner eg…

På Nes er det planlagt fullt køyr heile helga, med oppstart i dag. Bygging av skikkeleg trapp framfor inngangane – og vekk med midlertidige løysingar og pallar. Kjempe flott med skikkeleg inngangsparti, men får ikkje håpe dei slite seg heilt ut !!

Ingenting å ta bilete av i dag – kanskje dukkar det opp noko/nokon i løpet av ettermiddagen =)

(Er moro å sjå på antall treff på bloggen for tida – ser ei klar auke dag for dag – er oppe i vel 220 unike ip-treff pr dag – og over 1300 unike treff i mnd. Føler det burde vore skrive litt betre enn det røret som blir presentert her ja. «Grunnmurspapp» ligg fortsatt blant dei øverste på lista for søkeord…  =)

6 Comments