Typisk!

ENDELEG besøk av Magne i gårkveld – og av alle kveldar måtte hovudet slå seg i vranglås akkurat då!

Byrja med skikkeleg flimring på augene – klarde ikkje å lese bokstavar eller sjå klart – og so small hovudverken inn. Moderat i starten, so eg fekk meg ein liten tur ut av sjukehus-senga og ut på byen – men migrenesmerter so det holdt utover kvelden og natta.

Lite søvn i natt, og lite nattevaktane kunne bidra på dette feltet. So sjølv om eg ikkje er lei av magen endå, byrjar eg no å bli kraftigt lei av alle andre sider rundt svangerskapet. Kløe overalt, vatn i kroppen, utslett og kraftige hovudsmerter… (Lika gale som forsvaret til Liverpool?)

Betre i dag etter å fått sove litt på morgonkvisten. Prøvde å snu negative tankar til å tenkje positivt – og var nesten i mål med dette – då det trilla inn ein ny kjering på rommet mitt. Ny sengekammerat. Byrjar å kjenne meg som Rachel i Friends… var det 5 damer som kom og gjekk der medan ho låg og venta på opning?

Jaja… godt eg har noko å klage over! Eg får vel prøve å få meg ein frukostblund… på nokre timar… og håpe at dagen går fort. Kanskje kjem det besøk i måro? Då må eg i alle fall sove av meg hovudverken til den tid!!!

RelatedPost

2 Comments