Dag 4

Underfundige tankar byrjar svirre rundt i hovudet mitt!
Kan ikkje tru at å ha SO mykje tid til å ligge å tenke kan vere godt for noko. Og å ligge på barsel-avdelingen i 14.dagar og høyre på babyskrik heile døgnet gjere vel ikkje at tankar rundt fødselen følest spesielt lettare… Psykologisk krigføring kallar me slikt. Det er meg og bebisane – mot resten av verden!!
(Og akkurat no ledar resten av verden)

Det mest spennande å rapportere frå dagen i dag er då eg mista ned pennen min på golvet, og var fast bestemt på å skulle klare å plukke oppatt den utan å bøyge meg.

Romkammerten min er 13 dagar på overtid og trur kanskje ho endeleg byrjar kjenne antydning til at ting skal skje. Me klagar om kapp med sola over kor fælt me har det som må gå her og vente, og er jamt enige om at alle som ringer og spør «er det noko nytt» ikkje veit kor frustrerande det eigentleg er å svar på det same spørsmålet dag ut og dag inn!!

Eit par tre bilete kan eg ta med i dag:

1. Det fyrste døypast «utsikt frå rommet«. 

2. Det andre døypast «kvifor er det berre herredo på eit soverom på ei barselavdeling«.

3. Det tredje døypast «Kva problem kan ein ikkje fikse med litt grøn gele

 Utsikt frå sjukehuset Herredo - eller nymotens dameskilt der damer går i bukse? grøn gele gledar gode gommar

2 Comments