Ein tidleg start…

.. slik er det å dele rom med fleire.

Ein liten utblåsning på morgonkvisten:

No er me berre to på rommet, so kunne sikkert ha vore verre – men hjelp ikkje det, når ho eg deler rom med er fødeklar. I alle fall i teorien. Er på overtid ho trur eg. Kom i går ettermiddag saman med ein stressa bamse av ein sambuar. Sparketest med dopler 3 ganger før sengetid.

I natt har me hatt turnus på do-gåing. Eg trudde no eg snorka høgt, men jammen slo ho meg der og. Og det heile toppa seg då ho klokka 6.30 i dag byrja med morgonritualet og dusjing – for so å ta ein ny sparketest. Bråk og brak. Alt dette styret kunne vore forståeleg om ho verkeleg skulle føde. Men ho verkar no ikkje å vere meir i gang ho enn meg… Kan bli ei interessant helg! Tenk hadde ikkje eg vore av den tolmodige typen =)

Å stå opp tidleg er ikkje so gale i seg sjølv – viss det hadde vore noko som helst å gjere på =)

So då var alt eg hadde planlagt å gjere i dag unnagjort før kl. 9. Kva skal eg då finne på i påvente av å legge meg att?

Nei, so gale er det ikkje. Eg får ty til baggen min og sjå om eg finn noko lesestoff. Og sola dukkar visst opp i dag og, so då blir det vel ein tur ut i finvêret.

De får ha ein strålande laurdag alle saman – og lukke til på opp-og-nedatt-konkurransen i Jostedalen! Reknar med at nokon publiserar eit dramatisk referat frå dette i løpet av dei nærmaste dagane =)

 

 

OPPDATERING kl. 17.30

Har no gått fort dagen sjølv om det vart ein litt tidlegare start enn vanleg. To middagskvilar og ein vaggetur til Rema1000 på andre sida av vegen gjorde susen.

Eg som har drukke mellom 2 og 3 liter mjølk for dagen siste månadane måtte på mjølke-hamstring. Det er mangt slag ein skal slite med =)

Men pådrog meg nok ein skade på den harde ekspedisjonen min i går – eine leggen min ville ikkje fungere i dag. Kan vel og skuldast krampe etter mykje sitjing/ligging – men satsar på at det var hardkøyret på innspurten i går som er årsaken.

Etter vel 2 døgn her fekk eg i ettermiddag endeleg gleden av å møte att ei jordmor som eg har sett før. Trur det har vore 7 ulike damer sidan torsdag. Men ikkje noko gale om dei – koselege heile gjengen. Dei kjem med isvatn og sjekkar spark/hjertelyd til bebisane 3 ganger dagleg.

Alt i alt har me det vel heilt greit – alle tre =)

3 Comments