My Everest

Ein ekspedisjon utanom det vanlege…

Den tradisjonelle dongeriveska vart pakka: lommebok, sjokolade, litt væske, halsbranntabletter og mobil – med innlagt speed-dial til 113 og taxi i Førde.

Eg lytta til erfarne fjellfolk – dei meinte eg burde velge ei kortare rute, men då dei fekk sjå speed-dialen min – og eg vedgjekk at eg ikkje tykte det var noko skam å snu, vart dei beroliga

Vêrmeldinga lova sol heile dagen.

Eg droppa både kart og kompass då rushtrafikken ville vise veg.

Hjartelyden til bebisane vart målt til 148 og 150 slag/min – eg var klarert til å gå =)

Eg labba i veg… eller eg lyt vel seie vagga… ut frå sjukehuset, gjennom hundremeter-parken, og langs bilvegen bortover mot dagens store mål: Sparkjøp!

Både rygg og mage ga fort signal om at asfalt – det var ikkje tingen. So ruta vart lagt langs mark og blomsterbedd. Bork var mykje meir behageleg å gå på – so fekk eg heller tåle nokre rare blikk. Folk ser jammen merkeleg på meg uansett tykkjer eg. So magen er nok SO stor no ja…

Det å krysse fotgjengaroverganar fekk eg skrekken for i går, då grøn-mann signalet byrja blinke før eg var halvveges over vegen. Følte eg måtte bruke ei skikkeleg kraftanstrengelse for å krysse vegen på tilmålt tid. So måtte forsikre meg om at det var langt til nærmaste bil før eg våga meg over vegen i dag – tempo er nemleg ikkje mi sterkaste side for tida.

Etter mange vagg var det varmt å komme inn i ein klesbutikk som har blitt varma av sola heile dagen! Gleden var stor då det ved baby-ull-kle-avdelingen stod ein stol. Der sat eg lenge og studerte janus-ull vs Tom&Trine-ull. Ei handlekorg vart redninga, god å støtte seg på, og eg kosa meg stort der eg tråla gjennom hylle for hylle.

Dei store innkjøpa vart det ikkje, måtte tenkje på at eg skulle klare å bere det heile vegen tilbake til sjukehuset. Eg var eit øyeblikk freista til å låne med meg handlekorga tilbake til sjukehuset – so godt det hadde vore – men innsåg jo at DET hadde sett dumt ut…

Litt bekymra må eg seie eg vart då eg oppdaga at eg hadde motvind på tilbakevegen. Svart bukse og svart hettegensar gjorde at sola holdt meg varm – utanom på øyrene. So hetta vart snøra godt saman over hovudet. Eg var nok eit syn der eg vagga tilbake mot sjukehuset i hettegensaren min, med store svarte solbriller og slengande på sparkjøp-posar midt i rushtrafikken – spesielt i dei partia eg kunne gå i blomsterbedd…

Eg slapp å grave meg ned – og eg slapp å ringe etter hjelp. Godt fornøyd kunne eg tilslutt kvelje meg oppi den litt  for høge 80cm breie senga mi og puste letta ut. Mission completed. Fort det blir med denne eine ekspedisjonen, sjølv om eg må vere her nokre veker….

RelatedPost

5 Comments