Sjukehusblogg

Då var eg og bebisane på plass i Førde!

No er det rugetid – har ikkje so mykje val har eg skjønt. Kontroll i Førde i dag der alt stod  bra til – men helse Vest vil ikkje ha ei høggravid kjering, som ventar tvillingar, liggande ute i distrikta. Og det er i grunnen greit for meg og. Føler meg no godt teken vare på her eg ligg. Mat servert på senga. Luksus!

Redninga for kjedssamheita som sikkert kjem snikande etter nokre dagar, er å ha pc’en lett tilgjengeleg, nokre gode bøker på lur i baggen, og ein smule tolmodigheit. Får tenkje på at eg må nyte freden og roen medan eg har sjangsen =)

Kan vel slå fast at det nok blir ein del SÆRDELES saklege blogginnlegg frå meg neste dagane. Kva anna skal ein ta seg til?

7 Comments