Alternativ Skjærtorsdag…

No er vel stemninga på topp på hotellet – der me brukar å tilbringe Skjærtorsdagskvelden- og natta. Men det finnst alternativ =)

Med max 3 veker att til bebisane forhåpentlegvis markerar sin ankomst, er det fortsatt mykje ein kan ta tak i her i huset. Sjølv om etasjen som me brukar er ferdig og klar, er me no litt i beit for gjesterom. So å fått innreia eit soverom i kjellaren hadde vore glimrande. Me har laga til eit rom, som blir nytta som kontor. Men me var jamt enige om at det var kjappare å bygge eit nytt rom enn å rydde kontoret =)

Det var berre det at dei andre soveromma ligg innerst i kjellaren, og då må nesten gangen gjerast ferdig og. Og veggene som er mot soverommet bør gjerast klare på baksida, for skal det bankast mykje der i ettertid vil veggene som me skal sparkle og tapetisere sannsynelegvis sprekke oppatt. Og DET vil me jo ikkje…

Me var og jamt enige om å legge inn gips i nokre vegger, for å lyddempe mot avløpsrøyrer og framtidig protest-musikk. Skjærtorsdag i år vart derfor nytta på detta viset:

PICT3816 PICT3809

Og resultatet var me svært godt nøgde med;

PICT3817

Snedde med huntonitt gitt!

Me måtte og ha ein fotosession av magen i kveld… Ingen tvil om at bebisane har matvet – dei er nok like mori ja. For eg veks og veks og veks. 

PICT3798 

Og med det ynskjer me dykk alle ei  RETTELEG GOD PÅSKE  ! ! !

RelatedPost

5 Comments