… og jammen kom det fort til nytte

Eg som reklamerte so voldsomt med skrue-sorteringa mi.

I kveld stod naboen på døri og trengde skruar – Magne kunne berre spørje om det skulle vere torx eller stjerne, og so henvise til rett seksjon. Du verden so tidbesparande. Kan ha tjent opp til 15-20 sekundar på å ha det ferdigsortert. Kjenner at det varmar innerst i hjarterota =)

I vindkasta i går, som faktisk kom frå Molden (uvanleg vinkel for sleke stormhiv) måtte eit deksel som dekka nokre dupedittar, montert midt oppe på ein tidlegare høgspentstolpe, gi seg. Og dermed blæs internetten vår vekk.

Eg frykta fyrst at det var på toppen av stolpen feilen låg, men heldigvis har me ikkje so lang stege, so feilen kunne ikkje ligge der.

 

Eit døgn utan internett var merkeleg merkbart. Godt alt er tilbake til det gode gamle i kveld.

Og godt dei har trådlaust internett på sjukehuset, seier eg – viss eg blir innlagt der mot slutten for å forlenge ventetida…

Related Post