Ein gong Jostedøl – alltid Jostedøl?
Kor sant dette med hamstring er i dissa dagar veit eg ikkje heilt. Alle utanbygdes beskuldar Jostedøler for å handle inn i sleke mengder at ein skulle tru me gjekk mot atomkrig. Fulle frysarar (i fleirtal) av mat ståande til alle anledningar.
Frå min heim er det vel kanskje tillfelle. Alltid kan mamma diske opp middag til ein heil armada, utan forvarsel, og alltid har me bær i store mengder til dessert, saft og syltetøy. Eg er godt vand!!
Dette har eg nok teke med meg, og likar å ha litt lager av ting i frysar, skuffer og skåp. Det gjeld forresten ikkje berre mat. Eg likar å ha det eg treng av utstyr rundt meg.
No i desse reir-byggings-tider trur eg denne tendensen har forsterka seg til det nesten bikkar over. Ettersom ulike prosjekt har skrede fram, har far og bror og sambuar trengt ulike ting til montering og bygging. Spesielt har det vore snakk om ulike dimensjonar på skruar. Då me ein laurdagskveld måtte ringe rundt til alle naboar for å få tak i rette skruane holdt eg på å sprekke av irritasjon.
Resultat? Jo, det vart sortering og hamstring av skruar. Både treskruar og gipsskruar, med stjernehovud og torx, nedfellbar og ikkje – systematisk ordna etter lengd:
Er vel fleire som forstår at det ikkje er alt som spinne rundt her for tida =)
I dag toppa det seg igjen. Tom for tørkepapir på kjøkkenet – og ingen ekstra rull i matskåpet. Eg måtte jo le for meg sjølv, kva er det eg stressar med?
Men det kan vere sikre på at når eg reiser på handel i dag, kjem eg heim med bilen full av tørkepapir, dopapir, håndsåperefill og dusjsåperefill, og andre relaterte produkt…
Eg lurer på om eg kan skulde dette på svangerskapshormona og, eller har eg berre tørna fullstendig?

ikkje skuld på hormonane! Detta dar er heilt vanleg! Er ei slek eg og… Hin dagen hadde eg nesten ikkje atte dopapir.Dagen etterpå hadde eg 18 rullar plutseleg…. må gå mykje på do framover med tanke på et eg ska bruke det opp aleine;)
Torx? Nytt ord for meg.
@ Anki: MEN, gløynde å sei at det var litt overboard med merkingi på kvar lita skuff =) Eg antek du fekk meldingi mi i kveld? Var ikkje ferdig i fjøsen før no (bala med grabben…) so det blei litt for seint å kjøyre inn på Nes… Men antek de klarde dikka bra =)
@ AM:torx er ein sleke skrue med “egentleg stjerne” på toppen ( vanleg stjerneskrujarn går i KRYSSspor, dvs stjerne med 4 “taggar”) . Torx har ei sekskanta stjerne. Litt rundare spor likso..om du skjønte ke eg meinte?
Snekker (karin) Andersen =)
Hadde no vore kjekt å hatt deg her Karin, men klarde oss no bra ja =)
Einaste eg veit om torx’n er at den er mykje lettare å skrue i med drill, enn vanlige stjerne-skruar er. (For meg er det lika vanskeleg same kva skrue eg har, for eg får feil vinkel på drillen, og då går det trått uansett)
Eg fekk godt stell. No kan du angre deg, Karin.
haha, ja det antok eg no at du gjorde,Eli=)
i see!