Earth-shower…

Eg som trudde tiden kom til å gå sakte mot slutten av svangerskapet? Eg har vel knapt vore so oppteken før. Men du verden so kjekt =)

Fleire koselege besøk i veka som har gått – er det noko som er betre enn det?

Og ein kjellar som sakte tek form! Rotet vårt har me flytta frå ein vegg til ein anna og tilbake att ettersom kledning og tak har komme på plass. Ventilasjon og stikkontaktar, lyspunkt og røyr og rør. Her er det reir-bygging for alle penga =)

Magne skulle blogge sjølv om skituren sin på onsdag, men han blogga visst berre på «Luster Telemark«-sida. So då får heller eg legge inn eit par bilete. Kommentaren eg fekk om turen var: «ein flott ettermiddagstur på Molden i strålande sol og godt føre»:

Solnedgang frå toppenIMG_4066

Snøfritt på Nes =)

So var det ekstrem oppussings-bileta eg var meint å legge ut den dagen minnekorta på mystisk vis var forsvunne!

Vaskerommet for nokre veker sidan – og vaskerommet no:

vaskerommet vårt pr februar 2009

vaskerommet pr. mars 2009

Ein betydeleg forbetring spør de meg!

I Kjellaren er det ikkje ferdigt, og ikkje har me som mål å få det ferdigt dette året heller – langt i frå – men alt som er gjort er gjort. Og det blir vel kanskje smått med snikkering utover når 2 små bebisar vil ha oppmerksomheit =)

Gang i kjellar for nokre veker sidan, og gang i kjellar pr. i går:

gang kjellar pr. februar 2009

gang kjellar pr. 28.mars 2009

Betydeleg forbetring her og? Litt listing og nokre dørar so vil truleg støvmengda i toppetasjen minke… litt i alle fall =)

Til ettertanke: nokon som kan gjette kor mange av dei 22 røyra eg talde på langs, og vel 30 røyrene på tvers i taket på gangen nede me faktisk har bruk for ? ? ? 

Romma har teke sju-mils-steg i rett retning takka vere gode snikkarar. Lyte få seie TUSEN MILLIONAR TAKK til far og bror som har jobba i kjellaren vår i tide og utide.

konsentrasjon...

Og me seier og GRATULERE MED DAGEN til pappa som fyller år i dag 29.mars !!!!!

Då har eg vel fått med det meste?

For overskrifta talar vel for seg sjølv? Etter ein hard arbeidsdag var det fantastisk med ein varm og god dusj i gårkveld – heilt til eg forsnakka meg og sa at no var «earth-hour» byrja. Då var det ingen bønn – alle lys vart slegne av – momentant!!

KVEN SOM SKRUAR AV LYSET PÅ BADET NÅR EI HØG-GRAVID DAME STÅR I DUSJEN DÅ ? ? ? ?

I det eg seriøst trudde at eg måtte fullføre dusjen i stummande mørke, vart det båre inn stearinlys og sett rundt i rommet – so då vart det kanskje ikkje so gale likevel? Kva er betre enn å kjenne kokande varmt vatn renne nedover skuldrane, med kun levande lys som blafrar forsiktigt i bakgrunnen??

Earth-shower kan anbefalast på det sterkaste =)

RelatedPost

4 Comments