Fotokrøll

Verkeleg vår på Nes no – markene byrjar å grønkast, gåsungane sprett ut i hytt og gevær og skjorta kan kastast i verandakroken der sola skine i nærmare 10 timar for dagen…

Dette skulle forevigast og bloggast om – spesielt då eg såg kor store gåseungane var. Eg tenkte på kor fantastisk kult det er at eg berre kunne koble på telelinsa, rigge opp stativet på verandaen og knipse i veg – MEN DER VAR DET IKKJE NOKO MINNEKORT gitt.

Tenk hadde eg då vore av den den hissige typen og ringt mistenkte nr. 1 og kjefta og smellt? Haha, neidå.

Eg hadde og store planar om å lage ein reportasje frå vaskerommet vårt, som no har endra status til vaskerom/stellerom. Før og etter bilete og greier. Men de får de fint klare dykk utan – enn so lenge.

Sidan både plan 1 og 2 gjekk i vasken, får eg følgje VG sin oppfordring i staden: Eg får setje meg pal ved postkassen og passe på at ingen uvedkommande nærmar seg – i tillfelle sjølvmeldinga skulle dukke opp. Er no flott at VG minnar alle med halvskumle hensikter på at det er SO enkelt å stjele identitetar?

Med ønskje om ein strålande dag i solskinet =)

OPPDATERING KL. 16.30:

Heldigvis hadde det andre fotoapperatet vårt overlevd Heggmyri Rett Ned (det putrar og klagar litt, men men). So då eg fekk besøk av svigerinne og tanteonge-gullklumpen fekk eg no teke mange fine bilete i sola, og filma ein sekvens der latteren sat laust. Godt fornøgd med meg sjølv var eg derfor i godt humør då min betre halvdel kom heim frå jobb. Humøret sank betrakteleg då det viste seg at han har til gode eit beløp på skatten som er ca 4 gonger so stort som det eg har i restskatt, men greit nok – det var venta.

MEN – då PC’en kom på bordet plukka han PIKA DEG ut eit minnekort og sette i digitalkameraet og. EG HAR TEKE BILETE HEILE DAGEN UTAN MINNEKORT I.  (trudde ikkje det var mogleg?)

Grrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrrr –  var tolmodigheiten min slutt……….

Tags:,
5 Comments