Mobilkrøll

Eg sat heilt avslappa i går kveld, og snakka i mobilen og ante fred og ingen fare.

So plutseleg angreip eit vassglass for fulle muggar, saug telefonen ned i seg utan forvarsel. Det gjekk nokre sekundar før eg klarde å summe meg – fekk redda telefonen og vurderte å starte omfattande livreddningsforsøk. Men samtalen eg var i vart mystisk nok ikkje broten, so fullførte den fyrst…

Utpå kvelden byrja derimot symptoma å komme på at telefonen truleg har fått varige mên. Blinking og rare lydar. I dag får eg ikkje lov til å slå av tastelåsen, og kameraet viser kun forrige bilete eg tok.

Vil derfor beklage til dei som prøvar å ringe meg neste dagane – om de ikkje får kontakt kan det vere telefonen som silar ut.

Vassglaset har erklært seg skuldig, og må sone straff i oppvaskmaskina til det kjem på betre tankar…

6 Comments