Helse Førde

Det er fort ting kan snu. Måndag var eg sprek som ein sebra, i går ettermiddag var eg kommen til Førde.

Var fare for svangerskapsforgiftning – men det var det heldigvis ikkje – berre eit ekstremt kraftig migreneanfall. Eg har aldri kjent makan!! Etter å ha prøvd sengene i Førde ei natt fekk me konstatert at dei er heilt ok. Er vel ein overhengande fare for at eg blir innlagt der nokre dagar/veker på slutten? Det får me no eventuelt ta som det kjem =)

Litt skryt til Helse Førde er i alle fall på sin plass – einerom og kjempeservice – Magne fekk seng på same rom – fjernsyn hadde me og. Dette lovar godt for neste kapittel som då blir… fødselen?

… men får håpe det er nokre veker til endå…

Magne tok nokre bilete av meg der eg sat med magen bar og doplarar festa både her og der, tenkte eg skulle legge ut eit for å skremme dikka litt. Men so fekk eg sjå bileta sjølv og HJELP. Gjett om eg får mareritt i natt!! So ilt vil eg ikkje nokon… so de skal de sleppe.

Kan derimot komme med eit tips til dei som tykkjer dei har litt store… fordelar… og skulle ønskje dei kunne gjere noko med det utan å legge seg under kniven: trikset er å få seg ein ENORMT stor mage, då ser ALT anna ekstremt lite ut…

Related Post

3 Comments