Handelslekasje
Aller fyrst. Snø i dag og? Eg meiner eg les i går at det var meldt snø i høgden… No har me vel og merke flytta til oppsida av vegen her på Nes, men er vel litt drøyt å kalle det i høgden?
Kilder frå Sogndalsområdet melder at der har det snøa litt i natt, men i 7-tida i dag bulle-regna det heilt til Årøy-tunnelen. So det kjem vel sigande inn fjorden utover dagen. Blaute snø no og – knakande god kramsnø faktisk – men det blir ikkje snømann. I dag heller =)
I følgje ein blogg fremst i Jostedalen set folk posten og postmennene/damene høgt på lista. Og ditta med posten er gode greier. I dag fekk eg levert fleire hundre kilo på døra før klokka 9, bore inn i huset der eg ville ha det. Det var igjen Ikea som får nyte godt av mine aggresjonsutbrot i nærleiken av internett, og påfølgjande trass-handling. Frakten kostar jo flesk. Men etter prissamanlikning med indre sogn sine 2-3 møbelbutikkar kjem eg likevel mellom 5 og 6000 i pluss etter frakt. Ein skulle ikkje tru slikt var mogleg.
(Og endå les eg då i Sogn Avis for ikkje lenge sia at møbelsalet i indre Sogn knuste alle rekordar! Kven er det som har so mykje pengar?)
Ja – eg skulle vel støtta lokale kjeder, men sanneleg min hatt om eg betalar dobbel pris av den grunn. Då støttar eg heller posten!
Eg føler ikkje for å verken bøyge meg eller løfte so mange kilo – noko som kan gjere monteringa komplisert. So då var det berre å setje seg godt til rette og vente på at mannen i huset skal komme heim – eg sete klar med skrutrekkar og fotoapparat. Berre 7-8 timar til å vente no…
Begynner virkeleg å gle meg til ungane kjem…då blir det slutt på all ikea-montering!!!
Bli sikkert ikkje noko å gjere når dei kjemme, nei…
hahaha=) Fantastisk! Kan eg få komme å sitje med deg i sofaen og sjå på Magne som monterar møblar? Kan eg ta med kamera og popcorn og ?;)
@IKEA: det er genialt. Om eg ein gong får bygd meg eit isolert hus so ska det handlast dar! Ein får like goe sofa dar te 7000 som på «vanlege» møbelforretningar te 32 000….. Du er smart Anki! Og so ikkje minst so støtta du handelsstanden i Åsane ( antek det er dar du har bestillt frå? )
Mannen i huset kom heim frå jobb, grynta eit eller anna som eg forstod dit hen at eg ikkje burde spørje oppatt, og la seg på sofaen for ein lengre middagskvil. So det var den planen. Eg måtte fint legge vekk fotoapparatet og smørje meg med tolmodigheit. Men tilslutt vart me eit bra team – skal nokon ha montert kommodar i «Malm»-serien so er me nokon rasarar på det. Eg skruar skuffer og Magne skrog.
Malm er eg og jævla god på=) det er den serien som går att i ditta huset og:)
men det høyrest ut som de har ein god arbeidsfordeling=)
Gle deg til ungane kjem Magne (då gløyme du fort ikea-monteringen du er så lei av)