Oppdateringar?

Ikkje alt som er lika spennande lesing for alle, men kanskje noko for kvar ein smak:

Vêr = Det blese kald, kald vind på Nes i dag, ca 6 varmegrader og foholdsvis tjukkskya.

Snø = Eg som var sikker på at all snøen var i ferd med å smelte vekk for eit par veker sidan – so feil tok eg. Eit par nye snøkast snudde den trenden. Markene ligg fortsatt kvite – men skal ikkje myke sol til før det forsvinn er min teori. Tunet er nesten bart, so då får eg ikkje gjere fleire «bambi på isen» sprell der i vår (eller kven veit, eg klarar vel å snuble på flate golvet, so…)

Magne kom med følgande gullkorn søndag: «so godt det er å bu på ein plass der me berre kan spenne på oss skia i tunet og legge i veg..» – hmm… det er vel ikkje akkurat DET Nes city er mest kjent for, men greit nok. Han hadde visst ein fine trimtur, bala litt med å komme seg over eit par hjortegjerdingar (!) med ski på føtene, men kven hadde ikkje valt å legge ruta akkurat der?

Mamma = vart endeleg operert i dag – er kommen på oppvakninga og alt ser bra ut so langt. Kjenner at eg er utruleg letta. No kan det berre gå framover =)

Magen = Veks og veks og veks. Bebisane sparkar og sparkar og trivst tydelegvis utmerka. Eg sete og funderar på om eg skal legge ut eit trivleg magebilete – men er litt skeptisk. I går var det 10 veker til ordinær termin (13.mai) – men so lenge skal eg vel ikkje gå? Reknar med at det går mot april-bebisar?

Jaja, får ta med eit magebilete og då – sia eg insisterar:

PICT3629-1

Passeleg uskarpt – både bilete og motiv. Symfyse-fundusmål viste at hadde det vore 1 baby i magen skulle eg vore i veke 38-39. Skal berre vekse ein 7-8 veker til. Jadda…

RelatedPost

8 Comments