Mildver

Det regna både regn og snø her på Nes i går, meir og meir snø utover kvelden, og so meir og meir regn i natt.

I dag skal det i teorien smelte vekk, kanskje for godt i år?, men jammen ligg det eindel centi på marki her. Fort det går nokre dagar…

Det måtte eit par slalåm-svingar til for å manøvrere bilen ut av tunet i dag, underlaget var laust og djupt – nesten so eg spann på flata. Med 4WD. Dette måtte gjerast noko med:

PICT3607

Eg seier som broderen sa i gårkveld: «Når eg ikkje får på ski, skal eg i alle fall brøyte!!!»

Tags:
12 Comments