Berre vent…

… snart må vel få noko meir spennande å blogge om enn sure tankar og tomme ord?

Eg blir reint utsleten av å lese om alle skiturane det blir referert frå på mange bloggar, og føler meg direkte underdaning av djupe og sterke meiningar på andre bloggar. Kva kan eg slå i bordet med? Ein mage som byrjar å bli i vegen for vetet, ei halvferdig vaskeromsinnredning delvis montert, ein ny donge med material i kjellaren som skal bli til vegger i «evigheitsprosjektet 1.etg» ? Ikkje spesielt spennande nei.

Det går i bebisar opp og bebisar i mente i hovudet mitt. Me var på besøk til venner med tvillingar på 2 år tidligare i veka, og me innser at me har ei koseleg – men TRAVEL tid i vente.

Jepp, berre å legge seg godt til rette på sofaen og sove seg fram til april! Ikkje sikkert det blir soving att før neste april – betre føre var seier eg!! Eller… det var vel ein 12-17 skjema me skulle fylle ut. Fort det går ein månad der og!