Norsk trygdesystem..

… er sikkert av det beste i verda. Skal ein fyrsta ha problem med noko, so bør ein truleg opphalde seg i Norge.

Eg har ikkje andre problem enn at eg får forbud mot å jobbe so mykje meir – forbud frå både lege, jordmor – og ikkje minst Magne. Er ikkje berre berre med dobbel lykke skjønnar eg!

Etter samtalar med jordmor, lege og arbeidsgivarararar, fant me ut at det var best å redusere stillingane mine litt etterkvart, og gå ut i den obligatoriske 100% sjukmeld-rolla når magen og «lova» so seier. På denne måten skulle eg i alle fall få jobbe litt so lenge som mogleg!

Enkelt og greit dette viss ein jobbar 100% i ein heilt normal stilling i vårt fagre land. Enkelt om ein ikkje jobbar 100% og, so lenge ein berre har ein arbeidsgivar!

Eg har riktig nok ikkje so mange arbeidsgivarar dette siste året som eg hadde i 2006/2007 (då presterte eg å få feriepengar frå 8 arbeidsgivarar) – men alt over 1 arbeidsgivar skapar tydelegvis hovudbry for fleire kontor. (Er faktisk mykje meir slitsomt å prøve å sjukmelde seg enn å jobbe i full stilling, men det er vel heilt irrelevant?)

Ikkje skjønnar eg kva som er problemet? Eg skulle jo berre ha 73,64% sjukmelding frå ei 60% stilling, ei 100% sjukmelding frå ei stilling utan prosentsats, samt ei 88,66% sjukmelding  frå ei stilling der eg ikkje eingong er ansatt, men maks jobbar 40% timebasert… Etter fram og tilbake og samtaler i eit kontor føre og hitt etter, trur eg at eg er innan for regelverket på dei fleste kantar. Og det tok jo berre 2,5 veker…

Men slikt eit styr?  Ein kan bli sjuk av mindre…

3 Comments