23 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
I dag har Kai, Hans, pappa og Erling vore med oss i nokre timar. Me fekk støypt ferdig alle 7 søylefundamenta. Kjenner at skuldrane sig ned no når me er ferdige med støypinga, og juleroa senkar seg over Nes.
OVER: Karane kom med utstyr. So var det vatring og meling for å få det [...]
22 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
No er det juleferie for dei fleste – og taket vårt er klart! Dei har fått på sutak over heile huset, og lekter oppå der atte. So me får håpe det tåler nyttårs-stormane no! I dag var det kranselag med gryterett og gulrotkake. Det fortjente snikkarane våre verkeleg! Me fekk sitje i kvilebui deira, so [...]
21 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
Då eg var oppom til snikkarane i 12-tiden i dag var taket nesten komme på plass. Gjennstod litt på nedsida, men dette vart tetta i løpet av dagen. So då er målet vårt nådd – tett hus til jul… Lyte vel bli kranselag i måro då?
OVER: Huset sett frå postkassen vår på nedsida av hovudvegen.
UNDER: [...]
18 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
Dei fleste har gått å venta på dinna snøen i ein månad no. Kunne dei ikkje ha venta nokre dagar til, slik at me fekk på tak? I alle fall her på Nes. Eg ynskjer sjølvsagt meter på meter i fjellet! Me har hatt oss eit par timar å måka snø i kveld – inne i [...]
15 desember, 2006 |
- (Stengt for kommentarar)
Eg og pappa var å inspiserte huset i dag… for å sjekke om snikkarane hadde blæse vekk… Men det kunne dei umuleg ha gjort, so langt som dei er komne! Dei er nesten ferdige med takstolane! Ei veke att til jul… eit kappløp mot klokka. Folkens, viss de er i tvil: me ynskjer oss tett [...]
13 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
Snakka med snikkarane i dag tidleg. Dei har byrja å ha på gips-plater på alle veggene. Måtte utsetje takstolane ein dag, for i går blæs det so det plistra over heile Nes, i tillegg til alt regnet som kom. So no skal dei kle inn huset fyrst, so ha på resten av takstolane, og deretter [...]
11 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
I dag vart takstolane våre levert på tomten.
Dei fyrste er kommne oppå taket:
11 desember, 2006 |
Stengt for kommentarar
Finally we pulled ourselves together, and started building our own house. We had looked through housecatalogues for month, and I was actually getting a bit tired of the whole project, when we suddenly discovered a beautiful, big house:
And that was it! We decided quickly, and started to prepare the property we bought in January 2006. Cutting down [...]
Siste kommentarar