Eg som trudde tiden kom til å gå sakte mot slutten av svangerskapet? Eg har vel knapt vore so oppteken før. Men du verden so kjekt =)
Les meir…
|
|||||
|
Korleis bruke opp pengar ein ikkje har? Kjøp inn nokre billass med halvdårleg gråstein… steike so ting kostar – og det murar seg vel ikkje akkurat opp sjølv heller! Poenget her var eigentleg: Endeleg er muringa i gang; blir godt å få litt meir orden rundt huset! Sjølv om eg har følelsen av at det kjem til å gå nokre år før me er i mål med dette prosjektet… fleire murar rundt om kring og mange gode planar som eg ikkje heilt veit om det er mogleg å gjennomføre… Slik såg det i alle fall ut då me kom heim frå jobb torsdag før helga: Er har ikkje skrive mykje innpå her siste vekene, men ikkje har eg hatt tid og ikkje har me hatt internett, so då blir det vanskeleg =) Var til Bergen på torsdag og hadde ein eksamen, og handla litt småtteri til huset. Er godt i gong med å lese på eksamen nr. 2 som er fyrstkommande tysdag, men har teke ein pause i dag for å kose meg på kne med Magne her i stova – det er so utruleg kjekt med sleke sosiale ikea-prosjekt som alltid er solide og ukompliserte. Jammen bra at eg er so tolmodig, tenkjer de no! Eg må jo nesten skrive nokre ord om turen min til Bergen torsdag. Sidan me ikkje har hatt internett siste veka, so har eg no vore litt halvamper der eg har stressa på og lese akkurat medan eg har vore go’te. Og då eg skulle finne brevet eg hadde fått frå universitetet som sa kvar eg skulle ha eksamen, var brevet forsvunne i flyttekaoset – og mitt alltid so kontrollerte temperament kom til overflata. Kanskje ikkje so løge at eg ikkje fant brevet, alle som har sett rotet me no har ståande i gang, soverom, vaskerom, det andre soverommet og i kjellaren stiller seg alle det same spørsmålet: Korleis i svartaste granskogen har me klart å få so mykje saker inn i det vesle huset me har leigd nede ved fyret??? Vel, eg fant ikkje brevet. Eg skulda sjølvsagt på Magne som har pakka det ned før eg fekk lagt det på ein lur plass… Men eg tenkte tanken at det kan ha vore litt min feil og, som ikkje tok vare på det då eg visste at han skulle pakke… eller det var og ein bitte liten sjangse for at eg HAR lagt brevet på ein lur plass, men har gløymt kvar… derfor var det sjølvsagt enklast å skulde på Magne. Poenget er i alle fall at ikkje visste kvar eg skulle ha eksamen. Magne kom heim 5 min før eg måtte reise for å nå ferja, skulle til Erling i Aurland og overnatte der. Men eg klarde no å bevare besinnelsen, og kom meg i vegen. Eg hadde ringt Erling før på dagen og sagt når eg kom, og spurd om ikkje han kunne vere so snill å høyre at eg ramsa opp det eg skulle kunne til eksamen so eg kunne sjå om han forstod noko. Faget mitt var “oversikt over midt-Austens historie frå Muhammed til i dag”, og Erling repliserte: “-ja, det var AKKURAT det eg hadde tenkt å lese på i kveld eg og, so det går fint =)”. Då eg kom til Aurland og forklarde at det var ikkje sikkert eg kom til å finne eksamenen min, for dei folka som visste kvar eg skulle vere åpna ikkje kontora sine før kl. 11.00 dagen etter, hadde som vanleg Erling nok eit gullkorn på lager: “-ja, eg veddar på at du berre hadde planlagt å reise på handletur til Ikea, og so kom du på at du kunne no lika godt ta ein eksamen når du fyrsta var i Bergen”… haha – morsomen => Men eg kom meg opp om morgonen og inn til byen, og fekk tak i rette person å snakke med kl. 8.45, som sa kvar eg skulle vere. Og eg slentra nochalangt inn i eksamenslokalet kl. 9.01 som den største sjølvfølge, og gjekk laus på Muhammed og alle kalifane =) Ting ordnar seg alltid… Då eg kom heim frå Bergen torsdag ettermiddag, fekk eg årest andre store overraskelse servert i fanget (den fyrste overraskelsen var då sjølvsagt frysaren min). Eg hadde avtalt med mamma og svigermor at me skulle byrje å vaske utpå ettermiddagen, Siv Anja skulle og komme å vere med. Viss eg vart sein skulle dei berre starte, åsso skulle eg komme so fort eg var ferdig. Det vart 19.00-ferja på meg, og då eg nærma meg Nes snakka eg med Magne på telefon, han sa at eg berre kunne køyre rett ned til damene, so skulle han ta med seg ned kle so eg kunne byte der nede. Eg kom hompande i kombien med bagasjerommet fullt av klirrande ting, svinga ned til gamlehuset, og skunda meg inn. Vart sjølvsagt litt forundra når det ikkje var nokon bilar der nede, og då eg kom inn var lukta det grønnsåpe lang an lei. Huset var då ferdig vaska – og alle var reist! So der stod eg og følte meg dum som eit brød, då Magne ringde og lurde på om eg var kommen inn. Han hadde klart det igjen! Og eg går som vanleg 5 på. Imponerande at han klarde å holde seg… Kan tru mamma og svigermor og Siv Anja lo godt av meg då eg ringde dei for å takke for jobben seinare på kvelden =) Er det ikkje ein song som heiter “lei av å bli lurt” ? ? =) I går jamna pappa og Hans til grøfta der kloakk og vatn kjem inn. Køyrde på sand og stein og jord. Hans rydda eindel nedi kjellaren og =) I dag har pappa og Erling vore her og lagt takplater på kontoret vårt i kjellaren. So no skal det ikkje vere so lenge før det rommet er klart.
Bilde over: Pappa og Hans som dekka til grøfta vår. Og flott vart det! Landskampen mellom Norge og Malta er i full sving, og Norge ledar til og med. So no skal eg ha meg ein pause frå verden og sjå fotball! Ja, er vel eigentleg ikkje so mykje meir å skrive om det, når eg skreiv alt i overskrifta, so då skriv eg ikkje meir om det! Kan no for ordens skuld nemne at me fekk bosdonkar og i dag. Både blå og grå og brun. So no skal me kjeldesorterte til det tyte ut av øyrene på oss!
(Bilde blir det dårleg med, for Kai har kabba speilrefleksen til eit eller anna prosjekt, og Magne har det andre digitalkameraet, medan eg har minnekortet. So då forstår de sikkert at det blir ikkje mykje bilder av slikt =) Sidan nokon mektige venner i det ganske utland etterlyser bilder, so får eg no legge ut eit par då =) Men du veit du får nok ikkje noko anna inntrykk av dissa bildene enn du har fått av forrige bilder. Fyrst eit par bilder av kakebaking: Eg fekk ei nydelg pakke av Bergljot då ho var innom, so eg vil berre vise at den er allerede teken i bruk =) So eit bilde av at Høgspentlinja vart fjerna på fredag (18.mai) – 3 ganger hurra for 18.mai. Hurra – Hurra – Hurra So trudde eg at sidan minnekortet ikkje stod i digitalkameraet, so stod det i pc’en her nede i gamlehuset, men det gjere det ikkje, og bildene frå helga er ikkje lagt inn på pc’en. So då lyte folk smørje seg nokre timar til med tolmodigheit, til eg får spora opp kvar minnekortet har gått sin veg =) OPPDATERING 24.05.07 kl. 19.00 Jaja, so tok det litt tid før bildene kom. Er ikkje min feil… hehe… eller jo, det er det vel =) Men det har vore litt mykje styr – og i går var eg so nervøs pga. av foreståande fotballkamp at eg holdt på å hoppe på fjorden… men no når værste skuffelsen har lagt seg får eg holde det eg har lova; eit par bilder til. Fyrst eit par kaker =) So litt folk. Ditta var vel på det travlaste. UTRULEG koseleg var det – heile helga!!! So var det montering av overraskelses-frysaren min, og sjølvsagt parabol. Ikkje at me har hatt tid til å sjå noko på han (utanom kampen i går sjølvsagt) Kva meir skulle de kravstore damer ha bilde av? Magne som handla nytt fjernsyn på minutten då han såg kor lite det andre me hadde vart i nye-stova? (Alternativet var å bygge om stova, so eg skal vel ikkje klage =) Det var vel det. Skal de sjå meir no so får de komme på besøk! Kan no forresten friste dikka med boblebadet mitt. JA det var fantastisk godt =) |
|||||
|
Copyright © 2010 Anki og 3 gutar - All Rights Reserved 136 queries. 2.593 seconds. |
|||||
Siste kommentarar